Vedtekter

§ 1. Selskapsform

Gjesdal Bygdahus er reist og vert drive av Gjesdal Bygdeungdomslag og Gjesdal Bondekvinnelag og Gjesdal Bondelag.

§ 2. Foremål

Foremål er å skaffa bygda ein høveleg samlingsstad med rom for møte, fester, teaterframsyningar, studiearbeid, idrettsarbeid (øvingar), kurs av ymse slag, bryllaup, gravferder o.a. Drifta av huset har ikkje forteneste som føremål evt. overskot skal nyttast til drift/vedlikehald av Bygdahuset.

§ 3. Bruk av huset.

Gjesdal Bygdahus skal stå ope for alle lovlege føremål. Ingen må stengjast ute på grunn av sitt religiøse eller politiske program, eller av andre grunnar som er i strid med toleransen sine krav. Eigedomen skal ellers disponerast slik som dei styrande organ for Bygdahuset finn det føremålstenlege med omsyn til huset sin økonomi, og dei kulturelle og sosiale formål som huset skal gje rom til. Dei laga som eig huset, har fyrsteretten til å bruke det. Alle, også eigarane, skal betala leiga for huset. Leiga vert fastsett av årsmøte, og det bør gjevast eigarane ein viss føremun i leigehøve. Me viser ellers til reglar dor bruk av huset.

§ 4. Årsmøte

  1. a) Årsmøte er høgaste maktorgan over Gjesdal Bygdahus, og skal haldast innan slutten av februar.
  2. b) Årsmøte er samansett av styrane i laga som er nemnde i §1. Kvart eigarlag kan senda 7 personar med røysterett. Dersom styrane er større enn 7 personar, kan dei overskytande møte med uttalerett, men utan røysterett.
  3. c)  Valbolken, også årsmøtedelegat, er den tida personen har tillitsverv i eigarstyret.
  4. d)  Innkallinga vert gjort ved brev. Framlegg som ein ynskjer handsama på møtet må sendast til styret minst 14 dagar før møtet vert halde.
  5. e)  Sakslista vert utsend ei veke før møtet og skal vanlegvis sjå slik ut.

1) Årsmøtereferat frå året før.

2) Styret si årsoversikt og rekneskap

3) Styret sitt forslag til budsjett over komande år.

4) Godskjenning av val av styremedlemar. Delegatar til styret i Bygdahuset vert valgt på årsmøtet i eigarlaget, og det valet skal godkjennast av årsmøte Gjesdal Bygdahus.

5) Val av formann for 1 år.

6) Val av kasserer for 1 år.

7) Godskjenning av val av varamedlemmar til styret. Kvart eigarlag skal på sitt årsmøte velja 1 personleg varamedlem til kvar styrerepresentant som eigarlaget har i styret i Gjesdal Bygdahus.

8) Godskjenning av val av 2 revisorar. Gjesdal Bondekvinnelag og Gjesdal Bondelag har ansvar for å velja 1 revisorar kvar til huset. Valget føregår på eigarlaget sitt årsmøte, og vert godkjent i årsmøte i Gjesdal Bygdahus.

9) Val av ordstyrar for 1 år.

10) Andre saker som er oppførde på saklista.

  1. f) Årsmøtet er vedtaksført når minst 2/3 er til stades. Årsmøtet er ikkje vedtaksført i andre saker enn dei som er førde på saklista.
  2. g) Årsmøte vert leia av ein ordstyrar som vert vald av og innan årsmøtet.
  3. h) Styret og revisorar tek del i årsmøtet, men utan røysterett.
  4. i)  Det skal førast referat som skal lesast opp når møtet er slutt. Referatet skal  sendes på epost til leiar i kvart eigarlag.

§ 5. Ekstraordinært årsmøte.

Ekstraordinært årsmøte i Gjesdal Bygdahus kan kallast inn av styret, eller når 1/3 av årsmøtedelegatane krev det. På ekstraordinære årsmøte kan berre dei sakene som er førde på saklista handsamsat.

§ 6. Styret

Styret for huset skal vera samansett av 2 representantar frå kvart lag, med personelge varamenn. Styremedlemmane vert valt for 2 år. Av dei som er valde ved fyrste valget, går 1 frå kvart lag ut etter 1 år, etter dette dei som har tenestegjort lengst. Dersom eit medlem av årsmøte vert medlem av styret, går den som er vald til varamann inn som medlem av årsmøte. Nestformann og skrivar vert valde av og innan styret. Styret kan ta avgjersler når halvparten av medlemane og formann eller nestformann er til stades. Dersom det er like mange røyster for og imot i ei sak, er røysta til formannen avgjerande.

§ 7. Oppgåver for styret

Styret set i verk årsmøte sine vedtak, og tek mellom årsmøte dei avgjerdene som er naudsynte for administrasjonen av Bygdahuset. Styret har ikkje høve til å selja laga sin eigedom eller bruka laga sine inntekter til anna enn naudsynte utgifter til vedlikehald og drift. Det skal førast referat over alt som vert drøfta i styret. Referatet sendes på epost til alle medlemane som er tilstades i tillegg til leiar i kvert eigarlag, utleigeansvarlg og vaktmeister. Styret bind laget med formannen si underskrift og kan pantsetja eigedomen. Dersom formannen ikkje er til stades, skal nestformannen skriva under. Styret skal til kvar tid syta for at huset er forsvarleg trygda mot skade og brann, og sjå til at turvande vedlikehald av huset vert utført.

§ 8. Forretningsførar, vaktmeister, arbeidshjelp

Forretningsførar, vaktmeister og anna arbeidshjelp vert tilsette av styret etter et årsmøte har godkjent skipinga av slike stillingar. Forretningsførar og vaktmeister er direkte under styret si leiding og kontroll, og desse er pliktige til å retta seg etter dei påbod som styret og formannen gjev.

§ 9. Rekneskap og budsjett

Styret for Bygdahuset syter for at det vert ført tilfredstillande rekneskap. Rekneskapet fylgjer kalenderåret. Årsrekneskap og status med revisorane si underskrift, samen med budsjett for fylgjande driftsår, skal sendast årsmøtet sine medlemar saman med innkallinga til årsmøtet.

§ 10. Revisjon.

Revisjonen vert utført etter dei instruksane som årsmøte vedtek. Dersom laget har tilsett revisor, skal årsmøte velja ei kontrollnemnd på 3 medlemar som går gjennom revisjonen sine merknader og styret si møtebok, og gjer innstilling til årsmøtet.

§ 11.

Ingen kan veljast til tillitsyrke (styre eller årsmøte) lenger enn 10 år i samanheng.

§ 12. Vedtektsendring.

Endring i vedtektene til Bygdahuset blir avgjort på årsmøte. Det skal stå i innkallinga til årsmøtet kva endringa gjeld. Til gyldig vedtak krevst 2/3 fleirtal av dei røystene som er gjevne.

§ 13. Oppløysing.

Vedtak om oppløysing vert gjort på årsmøtet. Til gyldig vedtak om oppløysing krevst ¾ fleirtal av dei røystene som er gjevne. Ved oppløysing skal all gjeld betalast fyrst. Resten av eiga (formue) vert delt på dei tre eigarlaga

Utleielokaler som passer til de fleste anledninger