Historie

Henta frå jubileumsboka som Kaare A. Søyland har skrev for Gjesdal bondelag 75år.

Sjå bilder frå bygginga HER

På årsmøte til bondelaget i 1949 var det ni saker føre, og den niande var val av byggjenemnd. Til det vart desse valde: Kjetil O. Søyland og Arne Bjelland. Dei fekk fullmakt til å kjøpe tomt på Vassheio. Tomta på Vassheio vart kjøpt, og fekk namnet Fitjartun. Seinare vart det sett opp gjerde ikring tomta og plata tre der. Den 11. februar 1950 vart det halde årsmøte i bondelaget i kyrkjestova på Gjesdal. Då vart Njål Berge vald som ny formann, og han var ein god mann til å ta seg av alle sakene som melde seg. Ei av dei store sakene var husbygginga. Den var det ikkje kome løysing på enno, men laget arbeidde med henne. Det hadde vore ymse møte om nytt hus på 60-talet, men laget var ikkje kome lenger med saka. Det var og kome skriv frå det militære om at Fitjartun låg for nær militærleiren på Vassheio. Derfor såg laget seg nøydd til å byta tomta si i anna.

Det var snakk om å byta med Dag Fjellheim i ei tomt på nedsida av vegen, og styret skulle arbeida vidare med den saka. Det vart valt ei nemnd med representantar frå bondekvinnelaget, bondelaget og bygdeungdomslaget. Oddbjørn Tøge vart vald til byggjeleiar, og han var ein god mann til dette. Han kjende til trelastfirma på Sørlandet der din kunne få rimeleg trematerial, og han skaffa teikningar til eit rimeleg hus. På eit møte 25. november 1971 gav han utgreiing om arbeidet fram til no. Han synte fram teikningar av eit hus til 159 000 kr, der ein då baserte seg på ein god del dugnadsarbeid. Saka var no i fin framgang, og nemnda fekk fullmakt til å arbeida vidare med henne.

Nemnda hadde sine møte, og i 1972 var ho komen så langt at dei kunne ta til med gravearbeidet. Tomta Fitjartun som laget hadde kjøt av Dag Fjellheim, hadde laget no fått bytt i ei tomt nedanfor vegen og nærmare kyrkja. Det vart ein fin stad å ha huset. Grunnflata er ca 378 kvadratmeter, og det er heil kjeller under. Kjelleromma vart ikkje sette i stand med det same, bortsett frå toaletta og garderoben. Noko av det første dugnadsarbeidet var å kjøra til støypesand. Den vart henta frå Vølstad, nesten oppmed Madlandsvatnet. Det var fleire traktorar med tilhengar, og det gjekk rakleg. Det går meir liv og lyst når en er fleire om arbeidet. Som fagmann til byggjearbeidet var Odd Vegard Nedrebø med. Han har drive ein del som entreprenør, og skulle vera kjent med slikt. Dugnadsarbeidet gjekk på rundgang mellom bygdefolka, og det gjekk fort unna å få støypt murane.

Etter at dekket var støypt, vart det lagt ned mål til sperrstolane, og dei vart hogne saman der på plassen. Dei hadde mobilkran som heiste dei på plass. Dei tre laga kunne samla mykje folk til dugnad. Då sutaket vart lagt på, var 48 mann samla på ein gang, og då var det nok full jobb for formannen å halda alle i arbeid. Likeins var det godt folka då dei la på lekter og panner. Det vart lagt ned 10-11 000 dugnadstimar på huset, og då det stod ferdig til innreiing hausten 1974, hadde det kosta kr 315 000. Det vart teke opp lån for å greia kostnadene, og det vart søkt om kommunalt tilskot. I von å få 50 000 kr søkte laga om 100 000kr. Det vart svært godt nøyde då dei fekk 75 000 kr. Det var innsamling på bygda, og folk var villige til å gje. Frå eitt hus kom det 8 000 kr, og dei som er litt kjende, veit kven gjevaren var!

I dag er huset gjeldfritt, og det står fleire tiltals tusen i banken. Kjellarstova vart innreidd seinare, og det kosta like mykje som heile huset elles, men kroneverdien har sjølvsagt minka i dei åra. Det var ny innsamling på bygda til innreiing av kjellaretasjen, men kor mykje som kom inn, er det ikkje fortalt noko om. På styremøte i bondelaget 27. august 1974 vart det valt ei nemnd til å ta seg av innviinga av Bygdahuset, som huset skulle heita. Det var ein stor ting for Gjesdal bondelag å ta i bruk nytt hus, og heretter vert nok det huset brukt til dei fleste møte og festar. Det er og svært høveleg til minnestund etter gravferder, og til bryllaup.

På årsmøte 29. november 1974 kom det framlegg om endring i lovene for Bygdahuset. Endringa gjekk ut på at ingen kan sitja i styret for huset lenger enn ti år, i ein periode.

Utleielokaler som passer til de fleste anledninger