Årsmelding 2024

I 2024 har styret i Gjesdal Bygdahus gjennomført 5 styremøter.  

Desse sakene har blitt behandla:  

Styret 2024 har bestått av:  

  • Jorunn Nevland – GBK 
  • Bente Fossfjell – GBK 
  • Geir Oluf Hareland – GBL 
  • Onar Lima – GBL  
  • Roar Nedrebø – GBU 
  • Mari Søyland – GBU 

2024 har vore eit år med mykje aktivitet på bygdahuset. Det har vore ein god del utleige, både bryllup, fester, minnestunder og medlemsmøter m.m.  

10.februar feira me Gjesdal Bygdahus sitt 50-årsjubileum. Her fekk me sjå film frå då huset vart bygd. Mange av dei som var med på dette var òg på festen. Maten sørga Stian Espedal for og 4Hmedlemmer stod for serveringa. Det var bare godlyd å høyra rundt bordene.  79 personar var med på festen.  

17.mai var ein flott dag med mykje folk og god stemning. Overskotet var på ca 18.500 (mot 24.000 året før) Kanskje årets 17.mai-komitè bør auke prisane?  

26.oktober var det Bygdafest/ Vennersfest. I år stod bygdahuset som arrangør, med ein god komitè av medlemmer frå dei tre eigarlaga. Ca 150 personar, i alderen 20 -80 år, kom på denne festen. God mat, god musikk og god stemning! Musikeren Roy Andrè Skulstad er alt bestilt til årets fest som blir 25.10. 

Bente og Jorunn var i haust på bygdahusforum på Orre samfunnshus. Her vart det utveksla erfaringer med drift av dei ulike bygdahus/ samfunnshusa. Dugnadsarbeid og korleis dei får inn inntekter. Til hausten er det støtteordninger som står på agendaen.  

Inger Marit Edland og Karoline Skurve er ansatt som reinhaldere. Margunn fortset som utleigeansvarlig og kontakter ei av reinhaldarane når det trengs vask etter utleige. 

Jærmuseet ynskjer å stille ut Den gamle Amerikafana på Limagarden. Denne har stått i bomberommet og styret sa ja til at den nå får koma fram på Limagarden.  

Det har blitt lagt ned ein god del arbeid og pengar i huset i år. Fyrst vart lukkevinduene på sørsida skifta. Det viste seg å væra dårlege vinduer på heile sida. Difor vart også resten av viduane her skifta. Ådne Ravndal har teke denne jobben. Her fekk me 50.000 i invisteringsstøtte.  

På forrige årsmøte vart det bestemt å kjøpa kaffimaskin. Denne kom raskt på plass og har fungert godt. Inngangspartiet i kjelleren har blitt pussa opp på dugnad. Riving av gammelt interiør. To strøk maling på vegger, tak og lister, og gangen utenfor toaletta var lysna.  

Ny knaggerekke og ny spegel er på plass. Her kjem òg ny garderobestang. Kanonen i salen oppe har vore ustabil og til tider dårleg. Dette har Roar fiksa, så nå fungerer den godt.  

Vatn-anlegg: Det var store utfordringer i oktober då det ikkje kom vatn i kranane på Bygdahuset. Det var luft i røyrane. Det vart gravt opp ved sida av brønnen, (som ligg på Vassheia 1400 meter unna Bygdahuset)  

Her var det eit hol på røyret. Dette vart fiksa og brønnen vart rensa. Det er godt tilsig med vatn til brønnen. Mykje arbeid med å få ut lufta i røyret. I tillegg var det brudd på eit koparrøyr inne på Bygdahuset, i golvet på bereder-romet. Dette vart også fiksa. Under juleballet 21.desember skjedde det igjen at vatnet slutta å renne. Det vart lufta i vatn-røyret, og etterkvart kom vatnet tilbake.  

Åge Kyllingstad tek jevnlig vatnprøvar og sender dei inn til analyse. Det er god kvalitet på vatnet. Margunn Nedrebø er vaske og utleigeansvarleg. Geir Oluf Hareland er vaktmeister.  

Takk til alle som har delteke på ulike dugnader 

Pga store investeringar i 2024 har vi valgt å ikkje gjera for mykje kostbart i år. Huset er gamalt og difor dukker det opp uforutsette hendelser her og der. 

Mvh

Styret

Utleielokaler som passer til de fleste anledninger