Årsmelding 2012

ÅRSMELDING FOR  GJESDAL BYGDAHUS 2012

I 2012 har me hatt 6 styremøter.

Brannvarslingsanlegget vart montert rett etter årsmøtet i fjor. I tillegg vart det montert vannbehandlingsanlegg med UV-filter og pumpe/trykktank i mai/juni 2012. Alt dette var pålagd av mattilsynet. Dette har vore såpass kostbart at styret har utsett andre større investeringar til neste år.

Det var ei stund planar om å organisera ein større dugnad sommaren 2012. Me var heldige og fekk tak i Kjetil Nedrebø til å vera dugnadssjef for prosjektet, som innebar bl.a. måling av huset utvendig, skifting av rotne kledningsbord og punkterte vindauge på austveggen. Men det vart knapt med tid, og pengar var det heller ikkje for mykje av. Dette vart derfor utsett, kanskje det vert ein ny moglegheit i 2013?

Me har i heile 2012 arbeidd med planlegginga av den nye kyrkjegarden på Gjesdal. Magnus har representert bygdahuset i dialog med kommunen, og me har kome med innspel på det me meinte burde endrast. Blant anna fekk me kommunen med på å utvida antal parkeringsplassar mellom bygdahuset og kyrkja, ned mot elva. Planen var at dei plassene som var teikna inn på dyrka jord rett ovanfor tunet til Ole Kristian Brekken då kunne fjernast. Men dei vart dessverre ståande i planen. Det har i tillegg vore diskutert om kommunen bør overta vedlikehald av parkeringsplassen til bygdahuset, sidan den vert nytta til kyrkjegarden. Men det er ikkje laga nokon skriftleg avtale på dette foreløpig.

Me har fortsatt ikkje fått tak i ein fast vaktmeister. Men Frøydis Tjemsland Lid har teke seg av utleige av huset, og har heldigvis sagt ja til å fortsetja neste år òg! I tillegg har Per Nedrebø sagt ja til å vera med å bidra litt på huset, blant anna med vasking av og til viss det trengst. Veldig bra insj! Eigarlaga vaskar etter eigne arrangement, noko me helst prøver å få alle leigetakarar til å gjera.                 Resten av vaktmeisteroppgåvene er fordelte internt i styret, noko som fungerer greit nok. Men det absolutt beste hadde vore om me hadde fått tak i ein vaktmeister som hadde ansvar for alt dette! Så viss nokon har tid og lyst er det berre å seia frå!

Vaskedagen 3. mars og ryddedagen ute 23. april vart godt gjennomførde, med kjempeinnsats frå eigerlaga!

Internettsida er oppe og går; www.bygdahus.no

Styret i 2012 har bestått av:

  • Leiar: Steinar Søyland
  • Nestleiar: Kjetil Ravndal
  • Sekretær: Tora Kyllingstad
  • Kasserar: Tellef Lima Eidland
  • Styremedlem: Magnus Søyland
  • Styremedlem: Sissel Auestad Øvstebø

Utleielokaler som passer til de fleste anledninger