I 2023 har styret i Gjesdal Bygdahus gjennomført 5 styremøter.
Under desse møta har styret behandlet desse sakene:
● Ansvarsfordeling
● Driftssaker
● Investeringar
● Utleige av bygget
● 17. mai
● Vaskedagen
● Ryddedagen
● Ansatte
● Vaskeansvarlig
● Vaktmesterordning
● Markedsføring
● Økonomi
● Årsmøte 2023
● 50års jubileum
Styret 2023 har bestått av:
● Leiar: Jorunn Nevland, GBK
● Kasserer: Geir Oluf Hareland, GBL
● Styremedlem: Onar Lima, GBL
● Styremedlem: Eilin Fossfjell Eikeland, GBU
● Styremedlem: Bente Fossfjell, GBK
● Styremedlem: Roar Nedrebø, GBU
I 2023 er det endeleg oppsving i utleiga av bygdahuset.
Det har vore god auke i bruk, og det er me glad for
etter nokon år med lite utleige og dyre straumprisar.
17. Mai hadde eit greit oppmøte sjølv om veret ikkje
var med oss. Det var mykje folk og det vart ein kjekk
dag. Både store og små kosa seg med leiker og
premier. Og det vart seld godt med både brus, is og
mat. Så mykje brus at det gjekk tomt før dagen var
ferdig. Fortenesten for dagen vart på ca. 20 000, og
me er godt fornøyd med det.
27. september arrangerte med Bygdahusforum for sju
av dei nærliggande bygdahusa/forsamlingshusa. Det
var ein kjekk og spanande kveld, der me diskuterte
korleis drifta fungerte på dei ulike husa, og kva som
fungera bra, og kva som kunne vore betre.
Grunna straumstønad og stabelisering av prisar har
straumen vore lettare å “hanskas” med i år. Det har
selvfølgelig vore ein del som har gått med til betaling
av straum i år og, men me har brukt 10 000 mindre
enn det me hadde budsjettert med, noko som er svært
gledelig.
Om noko seint så blei både vaskedag og ryddedag
gjennomført. Nytt for året var at dei ulike laga
bestemde sjølv når det passa for dei å ta sin del av
vasken. Styret opplevde at dette fungerte greit, og
tenker at årsmøtet skal få vere med å bestemme om
dette er noko me skal fortsetje med.
Slik som årsmøtet for 2022 bestemde har styret
fortsatt med investeringar i huset. Ytterveggen som
skulle ordnas var i betre stand enn frykta, og har derfor
ikkje vorte prioritert no. Det viste seg derimot at det
var nokre vindu og dører som trengde ei utbytting så
det har me ordna. Inngangspartiet oppe har blitt lysna
og fått ei nye kjekk sittegruppe. Gangen nede har og
blitt lysna og pynta med speil, benk og stol.
Oppussinga har kosta 184 000,-. Me har mala benkene
ute slik at dei skal vere klar for 17. mai i år og andre
utearrangement. Golvet i kjellerstova har og blitt
grundig vaska og bona med 3 strøk. Me har og ordna
ny berbar høgtalar med mikrofon til lydanlegg i
kjellerstova. Me har sjekka litt priser med tanke på
oppussing av toaletta nede, men det har foreløpig blitt
satt på vent grunna budsjett.
Styret takkar for eit spanande år!
Mvh
Styret