Årsmelding 2022

I 2022 har styret i Gjesdal Bygdehus gjennomført 3 styremøter.

Under desse møta har styret behandlet desse sakene:

  • Ansvarsfordeling
  • Driftssaker
  • Investeringar
  • Utleige av bygget
  • 17. mai
  • Vaskedagen
  • Ryddedagen
  • Økonomi
  • Årsmøte 2022
  • Straumstønad

Styret 2022 har bestått av:

  • Leiar: Suzann Pettersen Auestad, GBU
  • Kasserer: Geir Oluf Hareland, GBL
  • Styremedlem: Onar Lima, GBL
  • Styremedlem: Eilin Fossfjell Eikeland, GBU
  • Styremedlem: Jorunn Nevland, GBK
  • Styremedlem: Liv Siqveland Borgersen, GBK

I 2022 var endeleg Covid over, og drifta kunne
nokonlunde gå tilbake til normalen.

17. Mai blei endeleg feira som normalt og oppmøte
var bra. Det var mykje folk og det vart ein kjekk dag.
Både store og små kosa seg med leiker og premier. Og
det vart seld godt med både brus, is og mat.
Fortenesten for dagen vart på ca. 15 000, og me er
greit fornødde med det.
Auka straumprisar har vore den største utfordringa
dette styreåret. Då det har vore ein stor utgiftspost.
Styret bestemte difor og justere opp utleige prisane.
Når lokallaga og har bestemt at dei kun skal betale 25
000 i stønad og ikkje for leige av huset, må me vurdere
om dei må justeras ytterlegare opp dersom utgiftene
fortsett. Bygdahuset har derimot fått noko
straumstønad frå april og fram til desember i frå
Lotteri og stiftelsestilsynet, som har vore til stor nytte.
Vaskedagen og ryddedagen vart gjennomført som
vanleg. Det var godt oppmøte og godt humør.
Slik som årsmøtet for 2021 bestemde har styret kome
godt i gang med investeringane i huset. Heilt på
tampen av styreåret vart det både maling av gang
oppe og nede, nye vindauge i gangen, nye dører nede
og nye gardiner i storsalen.

Mvh
Styre

Utleielokaler som passer til de fleste anledninger